Flere tekster ligger i kommoden – klikk på bildet!
Regjeringa har tidlegare dette året sett ned eit låglønnsutval. Utvalet skal både analysera årsaker og utviklingstrekk, sjå på ei rekke konkrete problemstillingar, vurdera verkemiddel og sjå på tiltak. Det skal levera innstillinga si innan 15. juni 2024. Med å setja ned eit slikt utval anerkjenner regjeringa at låglønn har store konsekvensar og er eit samfunnsspørsmål. Låg lønn set grenser for utvegar til eit godt liv, og lågtlønte har mindre makt i eit samfunn der pengar er makt.
Mandatet for utvalet er omfattande, men har likevel vesentlege manglar, for eksempel har den sentrale betydninga kjønn har for lønn ikkje fått nokon plass. Utvalet skal gjennomgå ei lang rekke kjenneteikn ved dei lågtlønte, «eksempelvis utdanningsnivå, alder, kjønn [vår utheving], nasjonalitet, geografi (herunder regionale arbeidsmarkeder og sentralitet), yrke, nærings- og bedriftstilknytning, fagorganisering og tariffavtaledekning».
Kvifor blir ikkje Låglønnsutvalet bede om å byggja vidare på Likelønnskommisjonen sitt arbeid frå 2008, eventuelt vurdera om desse analysane framleis er relevante?
I «NOU 2008:6 Kjønn og lønn – fakta, analyser og virkemidler for likelønn» blir det slått fast at «Så lenge vi har hatt moderne pengeøkonomi og kvinner og menn har deltatt i betalt sysselsetting, har kvinners arbeid vært lavere priset enn menns arbeid» (kap. 4.2.). Likelønnskommisjonen peiker også på at forhandlingsmodellen (frontfagsmodellen) opprettheld stabile lønnsrelasjonar – også mellom kvinner og menn.
Kjønn og lønn konsentrerer seg om likelønn, men ulikelønn og låglønn har dels samanfallande røtter: Kvinner blir lønna lågare enn menn fordi menn blir rekna som forsørgjarar, og kvinners kompetanse, erfaringar og utdanning blir nedvurdert. Fleirtalet av dei lågtlønte er framleis kvinner, sjølv om sosial dumping i tradisjonelle mannsdominerte område har auka talet på lågtlønte menn. Den låge kvinnelønna rammar også menn i lågtlønte kvinnedominerte yrke, analysen av kjønnsdiskrimineringa har noko å seia også for dei. Vidare tener den låge kvinnelønna til å pressa andre lønningar ned.
Dei siste vel 30 åra har lønnsgapet mellom kvinner og menn vore nokså konstant – kvinners lønn har vore om lag 85–87 prosent av menns lønn. Kjønn er altså interessant på linje med ei rekke andre «kjenneteikn». Var det alt?
Ei rekke tiltak som låglønnstillegg og likelønnstillegg, og mange og lange drøftingar av kva som kan jamna ut lønnsgapet har vore prøvd. Ei viss tilnærming har skjedd, men lite dei tre siste tiåra.
Burde ikkje låglønnsutvalet også vurdera kvifor dei tiltaka som har vore prøvd, i så liten monn har tent til å heva kvinners lønn?
Mandatet for Låglønnsutvalet usynleggjer kva kjønn har å seia. Vi vil oppfordra utvalet til å byggja vidare på kunnskapen i Kjønn og lønn og bruka referansepersonar med kunnskap om korleis kjønn er innvevd i samfunnsstruktur og arbeidsliv. Og vi vil oppfordra kvinnerørsla til å følgja med på utvalet sitt arbeid og bidra til at kvinners låge lønn får plassen som trengst.